"Ein kjent og trygg møteplass"
Eitt av hovedinntrykka vi sit att med frå nattevandringa er at vår faste plass
mellom Grabbarnas Grus og Blue Moon var som ein kjent og trygg
møteplass for svært mange ungdommar. Det kom klart fram gjennom
samtaler og spontane tilbakemeldingar. Mange var innom fleire ganger
samme kveld, og mange kveld etter kveld. Nokon stoppa opp bare for ein
liten uformell prat og eit beger med vatn, mens andre hadde behov for å
sette ord på vanskelige og alvorlege ting i eige liv. Fekk inntrykk av at dei
opplevde frihet å tale meir personleg med ein eldre og ukjent person som
dei frå før ikkje hadde noko forhold til.
Fleire oppsøkte oss når dei hadde kome bort fra vennene istadenfor å gå
aleine i gatene på leiting etter dei, ikkje alle følte det trygt å gå aleine.
Noen ville gjerne at vi fylgde dei tilbake til hotellet, det gav dei trygghet.
Det var mang ein varm og spontan takk for at vi stod der og mang ein selfie
fekk vi bli med på. Mottakar av selfien var mor, dei håpa at om ho blei
beroliga.
Fleire som uttrykte begeistring over tiltaket med vannutdeling fra frivillige
personar i Sjømannskirkens regi, i ville ta opp si tidlegare utmelding av
kyrkja til ny vurdering! Er det slik kyrkja er, då må vi jo vere medlemmer!
Dei som hadde sin forretningsvirksomhet i nærheten, Snappys Kebab,
pizzaselgaren, tattoobedrifta og drosjesjåførane uttrykte takknemleghet og
glede over at vi er der. Dei sa klart at dei meinte det var med på å gi
trygghet for alle, skape ro og motvirke uro. Kontakten vi hadde med lokale
ambulansebiler som kjørte i gatene tror vi var til gjensidig nytte og verdi.
Det ga også trygghet til oss at vi kunne ringe dei ved akutt behov. Det var
noen tilfeller der vi var sammen om å hjelpe. Det at vi hadde fått bandasje
m.m. fra sykehuset kom til god nytte, nesten kvar kveld/natt måtte vi stelle
sårskader, som oftest etter fall.
Som nattevandrerar følte vi trygghhet i det fine samarbeidet med
Skandinaviska kyrkan, den hjartelege mottakinga og den gode
organiseringa.
Vi ser det også som verdifullt at vi går sammen 2 par, både svensk og norsk
da det er svenske og norske ungdommar som er i stort fleirtall. Det gje ei
trygg ramme og det trur vi ungdommane merkar.
Dei mange mediaoppslag i Norge med positiv omtale av nattevandringa i
Ayia Napa understrekar også verdien av tiltaket, formidlar tryggheten og
den praktiske verdien det gje.
Nattevandrer Olav T. Metveit